Klargjering av septikanlegg

Som kjent overtok HIM ansvar for slamrenovasjon frå eigarkommuane i 2016. Nedanfor følger nokre tips våre slamkundar.

Alle kundar med septiktanlegg vil nokre veker før tømming av anlegget motta eit tømmevarsel. Varslinga er ein viktig del av å sikre at tanken er klargjort for tømming. Då kan tømming av slamanlegget utførast raskt og effektivt av tømmemannskapa.

Kva vil det seie å klargjere eit septikanlegg?

For det første må anlegget vere synleg:

  • Klipp vekk gras og buskas rundt lokket, og merk t.d anlegget med ein pinne.
  • Sjå til at lokket er gravd fram.

Dersom sjåføren slepp å bruke tid på å leite etter anlegget utgjer det ein stor lette i arbeidsdagen til sjåføren.

Fysiske hindringar kan gjere anlegget utilgjengeleg. Nokre lokk ligg under jord, steinheller eller andre tunge ting. Nokre anlegg er plassert under verranda, eller det er andre fysiske hindringar som gjer anlegget vanskeleg å tømme. Det hender at veg til fritidseigedomar er stengt med kjetting og hengelås, eller at vegen til eigedom har grodd igjen sidan sist. Då vil greiner og buskas kunne gjere skade på bilar og utstyr.

Viss eit anlegg ikkje er klargjort, tapar tømmemannskapa tid. Ofte må kunden få ny melding om å gjere anlegget klart, og kanhende må sjåfør komme tilbake ein annan dag. Det kan ende med at septiktanken ikkje blir tømt sjølv om sjåfør har brukt mykje tid på å finne tanken. Slike tilfeller kallast for «bomtur», og kan medføra tilleggsgebyr.

Det er viktig å vere klar over at som eigar av eit slamanlegg pliktar du å sjå til at anlegget er tilgjengeleg for tømming. Ved å legge forholda til rette for tømmemannskapa kan arbeidet med å tømme anlegga gå raskt og effektivt. Dette gjev lågare kostnader, og lågast mogleg slamgebyr. Vi håper kundene våre tek ansvaret sitt på alvor og er med å hjelpe våre kjekke sjåfører med å få utført jobben sin.